Fra Øystein ormbostad i Imarsundet kystlag  kommer at "Gulafjord "er ikkje selt enno, men skal kondemneres av Stena recycling.(Rolf Hammerås) Venter på det. "Gulafjord" var bygd i 1916-1917 på Ottesen skipsbyggeri i Sagvågen på Stord. Vart kjøpt under bygging av Ludvig Furnes, Eivindvik i Gulen. Han kalte båten for Gulafjord.  Selt til Ålesund ca. 1920, selt på auksjon i 1921 til Lars Gjerde jr. Lars S Gjerde sr. Markus Gjerde og Albert Engdal , Lesundet i Aure.

ormb 12

"Gulafjord" skal kondemneres.Her ligger den nå ved Mellemværftet.( Foto: Håkon Bloch)
Dei bygde båten om til levendefiskbåt og begynnte å kjøpe opp rusfisk i Smøla og Hitra ,Frøya. Levering stort sett hos levendefisklaget i Trondheim.Har tilhørt familien Gjerde/Engdal i generasjoner.

ormb 2

Båten den tiden den drev levendefisktransport på Nordmøre.( Foto: Ukjent)

I 1951 vart båten reve ned til kimingen(overgang botn-skuteside) og heilt oppattbygd i Mjosundet hos Klaus Aas, sønnen Ola Aas var leiar for det arbeidet. Hadde fram til 1978 wichmann maskin, deretter ein Gardner diesel.  Egil Bugen kjøpte båten etter dei, ca. 1988, og han igjen til Strømsholm fiskeindustri, som i sin tur selte til Arild Sekkingstad ,Sotra som etter pårigging med sildekvote selte til Rune Saltskår  i Solund. Dei overførte kvoten til eit anna fartøy og Gulafjord skulle da kondemneres. Men etter søknad til fiskeridir. fekk eg kjøpe fartøyet i 2005. Har sett undervannsskroget i bra stand(Douglas Wilmot, Mellomverftet), men resten blir for tungt for ein privatperson.
ormb
Douglas Wilmot (t.v) og Øystein Ormbostad under reperasjon av " Gulafjord" på Mellemværftet i 2007.

Er no landets eldste brønnbåt og fekk status som verneverdig hos riksantikvaren(einaste brønnbåt på fartøyvernlista)
Men etter to år med avslag på søknad til riksantikvaren om støtte til istandsetting må eg no kaste korta, og dette i Aure så berømte fartøyet med sitt elegante og fint forma skrog må kondemneres.